Det finst ein stad i vår eigen verdsdel, skreiv London-avisa The Times i oktober 1867, der ein høyrer barn rope etter brød og den stille klaga frå menn og kvinner som er ved å døy av mangel på mat. Denne staden heiter Norland og ligg i Sverige, som ikkje er eit rikt land.

Det var det året det måtte høvlast mykje plank til likkister. Kornet fraus medan det stod grønt, i Bottenviken la isen seg, og jernbanar fanst berre sør i landet. Dei to åra etterpå nådde hardsvolten heile landet, og Finland endå hardare.

Kva gjorde Skandinavia til ei suksesshistorie?

To generasjonar etterpå var Sverige og Danmark blant verdas fremste land, Sverige med industri i verdsklasse, oppfinningar, patent, reiskapar og maskinar, og Danmark med eksport av landbruksmat og -utstyr. Ein generasjon seinare att hadde også Island, Norge og Finland passert land med rike naturressursar, koloniar og industri. På levekårsindeksar tok landa nærast Nordpolen dei øvste plassane.

Mest oppsiktsvekkjande er Finland, borgarkrigsherja i 1918, terror frå dei kvite etterpå, ei destruktiv Lappo-rørsle, på taparsida i andre verdskrig, med titusentals krigsskadde, tap av Karelen, krigsskadekrav frå Sovjet og tre kvart million emigrantar, av dei tredelen permanente, til Sverige etter krigen. Likevel tok dei spranget framover til velstandsland og innhenta grannelanda i vest.

Kva var det med desse landa? Rike naturressursar? Jau då, men mange land har rik natur og fattige levekår. Slapp dei lett unna krigar? Kanskje den første, men alle utanom Sverige vart ramma i andre verdskrig. Raus Marshall-hjelp? Finland takka nei. At dei følgde råda frå fagøkonomane? Viktig for økonom-eliten var stordrift og spesialisering. I Norden hadde også små verksemder og yrkeskombinasjonar sin plass. Viktig for økonom-eliten var å redusere landbruket mest råd. Berre heiltids gardar var liv laga, småbruk skulle vekk. Finnane gjekk motsett lei, mellom og etter krigane parsellerte dei ut 100.000 småbruk for å hjelpe tidlegare husmenn, krigsskadde og finske karelar.

I Norden fekk småkårsfolk forståing for at fellesskapen trong dei

Hovudsvaret må vere endringa frå elitestyring til samfunn meir nedanfrå. Arbeidarar, bønder, fiskarar og husmødrer skaffa seg kunnskapar, ikkje berre fordi dei var vitelystne, men fordi dei ville ha styring både i eigne liv og samfunnet. Leseringar, samtalelag, studiegrupper, debattmøte, lokalbibliotek og folkehøgskular var sentrale i dette. Det same var forsamlingshusa, Folkets hus, ungdomshus og bedehus. Livet i organisasjonane vart ein andre skulegang, der folk lærde å samle informasjon, samarbeide, leggje informasjon fram for andre og handtere meiningsskilnader.

Treng samfunnet meg? Og duger eg? Spørsmåla er sentrale for folk flest i alle land. I Norden fekk småkårsfolk forståing for at fellesskapen trong dei og at dei dugde.

Folk frå samfunnsgrupper som nokre tiår før ikkje hadde røysterett, vart oppfinnarar i Sverige, framståande agronomar i Danmark, båtbyggjarar i Norge, industrileiarar i Finland, fiskebåteigarar i Island og solide arbeidsfolk, politikarar og forfattarar i alle landa. Dei var forma av Livets skule og ikkje av Sorbonne eller Oxford.

Truleg var landa også passe store. Innbyggjarar flest opplevde eit nasjonsfellesskap, eigen imperialisme og verdsherredømme var lite aktuelt, og dei slapp unna mange stordriftsulemper. Med land som med folk er det som i ordtaket om at ei lita kjerring får gjort mykje medan ei stor snur seg.

Samnemnaren var at landa meir enn land flest var i stand til å nyttiggjere seg eigne menneskeressursar. Den truleg største utfordringa i pandemi-, klimaendrings- og nedgangstida no er å finne attende til dette.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.