Heilt frå starten har dei ikkje-columbiske folka kjempa mot columbismen og for å sleppe ut av den columbiske sfæren.

Denne teksten er blitt til fordi avisa Klassekampen nett har hatt artiklar som handsamar Haiti si historie og noverande situasjon ut frå eit pro-columbisk perspektiv.

Haiti en uavhengig stat i 1804

Dei første som braut ut av det columbiske systemet var dei svarte slavane på Haiti. Alle dei 8 millionane som budde på øya som spaniarane kalla Hispania opphavleg vart drepne av Columbus og broren i løpet av ein generasjon frå 1493 og utetter. Men i 1791 kasta slavane ut franskmennene og oppretta den første frie ikkje-columbiske staten. Seinare sendte Napoleon franske (og polske) troppar for å ta øya tilbake og dei såg ut til å klare det gjennom ein nådelaus drapspolitikk, men dei tidlegare slavane klarte til slutt å slå også desse.

Men så slutta USA England, Canada og Frankrike seg saman og gjennom militære intervensjonar og støtte til innlandske rikfolk, militære og dødsskvadronar klarte ein kvit elite etter kvart å ta tilbake makta. Slik redda dei Haiti for columbismen med fryktelege følgjer for folket der.

I siste nummer av Monthly Review intervjuar Camilla Valle Margaret Prescod og Pierre Labosiere om utviklinga på Haiti under tittelen The Long Haitian Revolution. Her gjennomgår dei Haiti si columbiske historie heilt fram til i dag.

Revolusjonen til dei svarte slavane på Haiti førte til at dette blei det første landet i verda som braut ut or det columbiske kvelegrepet så tidleg som i 1791 og oppretta sin eigen uavhengige stat, Haiti, den 1.1. 1804.

Min kommentar er at dette skjedde mens Norge framleis var ein provins under Danmark før vi blei gitt til svenskekongen i 1814.

Det frie Haiti såg det som si oppgåve å kjempe mot slaveri over alt og vere ein fristad for rømte slavar. Sjølv om columbiarane kom att, har dette vore ein enorm inspirasjon for alle land som har vore og er undertrykte, røva og utbytta av det columbisk-imperialistiske systemet.

Min kommentar er at det difor har vore ekstra viktig for columbiarane å statuere eit eksempel her.

Frankrike, England, Spania og seinare USA, der slaveriet framleis var i gang, ville øydelegge dette eksempelet på fridom eg vellukka revolusjon. Vi veit jo at slaveriet i USA var ein  av dei heilt grunnleggande føresetnadene for utviklinga av industrikapitalismen i England, med bomull frå USA og spinning og veving, først med vassdrivne fabrikkar og daudeleg barnearbeid i Lancashire i England, og etter kvart meir og meir med dampkraft i Manchester og andre stader. Sidan det har folket i Haiti vore fanga i denne kampen.

Nyare historie

I 1915 kom eit vendepunkt då regjeringa i USA invaderte Haiti. Jord blei tatt frå innbyggarane og gitt til utanlandske føretak, helst amerikanske. Det kom til eit massivt opprør og amerikanske marinesoldatar kom inn og kjempa for at dei rike i Haiti og deira utanlandske allierte skulle kunne «bygge opp att» landet og hindre at folkerørsla tok makta. Sidan då har folket på Haiti kjempa mot den amerikanske makta. Etter kvart blei Francois «Papa Doc» Duvalier og sonen hans Jean-Claude dei mest brutale uttrykka for klassekampen mot folket for å halde oppe det gamle columbiske systemet.

I 1986 gjorde folket opprør att og kasta Duvalier, men USA har sidan jobba for å få tilbake dei reaksjonære styrkane som blei bygga opp under han og faren hans. Dei klarte å få på plass ei regjering som var dominert av desse styrkane, men i 1990 valde folket Jean-Bertrand Aristide, ein lokal prest som leia den nye fridomsrørsla. Han var den første demokratisk valde presidenten på Haiti og klarte berre å halde seg ved makta i sju månader.

Den 30. september 1991 organiserte USA eit kupp som blei utført av ei militære styrkane på Haiti. Meir enn fem tusen menneske vart massakrerte. Det var massiv motstand i folket og mykje internasjonal solidaritet og Aristides klarte å komme tilbake to år seinare for å fullføre sin valperiode. René følgde opp lina hans som neste valde president i 1996. Aristides klarte å få i gang store demokratiske reformar og velferdsreformar i si tid. Mellom anna gav han hæren sitt hovudkvarteret til Haiti si kvinneforeining. René følgde opp dette. Folket på Haiti klarte også å utarbeide ein ny grunnlov som førte vidare Aristides sin demokratiske line og var basert på folkeleg medverknad. Han vart vedtatt med overveldande fleirtal.

Programmet til Aristides og lavalas og kva dei fekk til

Det kan vere verd å høyre kva dei seier om kva som gjorde Aristides og hans følgjarar så farlege for USA, Frankrike og Canada at dei måtte okkupere landet i 2004. Dei som blir intervjua seier følgande om dette:

Intervjuaren seier først at ho veit at Aristides gjekk inn for at Haiti skulle vere eit uavhengig land og at han prioriterte matsikkerheit, helse, utdanning, jordbruk, kulturkooperativ, høgare minimumsløner og tilbakebetaling frå Frankrike, demokrati i landet og at dei skulle vere uavhengige frå utanlandske organisasjonar og så bortetter. Så vil ho ha detaljar om dette. Dei som blir intervjua svarer at rørsla til Aristides og  hans følgjarar som vart kalla lavalas gjekk mot det allmenne synet på Haiti. Lavalas publiserte ei bok der dei sa at Haiti var eit rikt land med mange ressursar. Folket på Haiti ble klar over at dei var eit stolt folk som hadde kjempa mot utbytting og visste kvifor landet hadde hamna der det no var. Lavalas hadde også eit program som dei kalla « å investere i folket. Det viste alle ressursane landet hadde og korleis dei kunne bli brukt for utvikling av landet for å betre livsforholda slik at folk kunne ha eit godt liv som tente dei som menneskelege individ, med ære.

President Aristides og hans regjering la ned mykje arbeid for å skape eit likeverdig rettssystem. Han avvikla militæret i 1995 (det blei først mobilisert att av Moïse) og det var ikkje nokon liten sak. Militærvesenet på Haiti tok vanlegvis 40 prosent av det nasjonale budsjettet. Det blei skapt av USA etter invasjonen i 1915 for å krige mot folket. Det sto for statskupp, undertrykking, tortur og massakrar. Aristides oppretta i staden ein sivil politistyrke og investerte 40 prosent i sosialsektoren og den lokale økonomien. Han omorganiserte det bynadskompleksetkomplekset som var Haiti sin kopi av Pentagon og gav bygnaden til kvinnerørsla. Dei organiserte eit departement for å ta opp problem som dei fleste kvinnene på Haiti har.

Han investerte i skular, sjukehus, lokal matproduksjon og liknande og la opp til ein politikk som skulle forme om samfunnet på Haiti slik at folket hadde fordel av det. Og folket på Haiti engasjerte seg verkeleg. For første gong slutta folk frå Haiti å flytte til utlandet og dei kom tilbake for å investere i landet. Heilt sidan USA sin okkupasjon i 1915 har haitiarar flykta på grunn av krigen både USA og det haitiske militæret førte mot folket. Folk hadde flykta til Cuba og Den dominikanske republikken og til andre øyer. Aristides og lavalas-rørsla skapte vilkår for å bygge landet.

Ei anna viktig sak var at dei kunne feire bruk av nasjonalspråket på Haiti, som var kreolsk, som mest alle i landet snakka. Det var likevel fransk som var det offisielle språket sjølv om berre 10 til 15 prosent av folket snakka det. Aristides var den første presidenten som tok eiden då han vart innsett, på kreolsk. Og då han kom til FN snakka han og kreolsk. Då måtte dei i all hast finne ein tolk.

Dessutan understreka Aristides at folket der kom frå Afrika og at dei karibiske øyene verkeleg var ein del av Afrika. Han gjekk derfor inn for samarbeid mellom Afrika, Haiti og CARICOM.

Min kommentar er at når vi har høyrt dette skjønner vi sjølvsagt kvifor USA og dei andre columbiske statane måtte underminere, invadere og okkupere landet og erstatte den valde regjeringa der med ein marionett som statsleiar, dødsskvadronar, FN-styrkar og NGOar.

Etter kuppet i 2004

I 2004 organiserte USA under George W Bush eit nytt kupp (faren hadde organisert det i 1991) som førte til drap på nærare ti tusen menneske. Den gamle militære leiinga, som Aristides hadde avsett, blei sett inn att saman med mange leigesoldatar og drapsmenn frå Haiti, medrekna dødsskvadronen med det fine namnet Front for the Advancement and Progress of Haiti, som var lik den gamle drapsavdelinga til Duvalier, Tonton Macoutes. Fordi dei haitiske reaksjonære kreftene ikkje var sterke nok blei det sendt inn spesialstyrkar frå USA, Frankrike og Canada som fjerna Aristides frå makta og kidnappa han. Men folket på Haiti godtok aldri denne situasjonen og har fortsett å kjempe vidare for fridom til denne dag.

Dødsskvadronane vart organisert på ny under leiing under den illgjetne drapsmannen, Jimmy (Barbecue) Cherizier. Av dei columbiske okkupantane, kjernelanda USA, Frankrike, Canada og deira hjelparar i FN og NGOane har dei blitt kalla bandar, men alle på Haiti veit kva dei i røynda er. Dei er dødsskvadronar betalt av regjeringa. Cherizier organiserte ein føderasjon av dei såkalla gjengane og dødsskvadronar, G9 familien med allierte. Denne føderasjonen blei organisert av regjeringa på Haiti og får betalt millionar av dollar under dekke av såkalla nedrusting. Sjølv generalsekretæren ved  paven sitt kontor, Antonio Guterres, roste Cherisier for dette viktige arbeidet. Men dei blei organisert for å gi dei pengar og meir ammunisjon slik at dei kunne drepe folk, skape ein terrorkampanje over heile Haiti og har drive med desse massakrane heilt fram til i dag.

Min kommentar her er at det er mange som deltar i denne desinformasjonen, ein av dei er journalisten Milo Milfort som har fått ein pris frå FN for «opplysningsarbeidet» sitt. Han fekk det for ein artikkel som roser at føretak frå okkupantstaten USA har fått profittmoglegheiter på Haiti ut frå miljøperspektivet med produksjon av solenergi. Han skreiv også ein e-post til Klassekampen og som journalist Roya Shahibzadeh brukte for i avisa den 26. oktober. Det var hennar andre innslag om Haiti. Ho førte desinformasjonen rett ut til lesarane i Norge. Slik er det når ein ikkje har eit anticolumbisk perspektiv og manglar kunnskap. For «venstresida si avis» er det sjølvsagt ein skam. Så tilbake til intervjuet.

Rolla til FN og NGOane

Etter 2004 har Haiti vore under okkupasjon av USA, Frankrike og Canada, alle sentrale columbiske aktørar. Først brukte dei FN som eit dekke for å få folk til å godta det og få folk i verda til å synes vel om det. FN styrkar har verkeleg utført oppdraget frå USA. Dei har massakrert folk i fattige naboskap og samfunn over heile Haiti fordi folk har fortsett å demonstrere mot det rote utbyttingssystemet, og kravd sine demokratiske rettar, og at personar som dei har vald skal tilbake i leiing. Massakrane fortsett framleis. I augneblikket kan eg hugse minst fire slike  massakrar. No er det eigentleg ikkje lenger FN-troppar eller politiet som står i spissen for dette, men dødsskvadronane til marionettane som blir styrt av dei columbiske kjernelanda, USA, Frankrike og Canada. Dette blir presentert for omverda som gjengkrigar, men alle på Haiti veit at det ikkje er tilfelle.

Gjennom mange år har Frankrike og andre kravd Haiti for store summar. Frankrike var først med å krevje 21,7 milliardar dollar for å dei skulle godkjenne Haiti som ein fri stat. Så heilt frå starten var landet tungt tynga av gjeld. Dette har fortsett. I 2003 hadde president Aristide kravd at Frankrike gav opp kravet sitt og i staden betalte tilbake pengar. Det var ein viktig grunn til at Frankrike deltok i kuppet i 2004. Det var også slik at då USA invaderte landet i 1915 kravde dei og at Haiti dekte kostnadene som USA hadde hatt under okkupasjonen og betalingane for dette fortsette til 1947. Dette har vore med på å halde Haiti i konstant fattigdom.

Haiti har også vore ramma av store naturkatastrofar. For å «bøte på» alt dette har dei columbiske kjernelanda invitert inn mengder med NGOar som Redd Barna og andre. Som «humanitære» organ for okkupasjonen av landet har desse har så å seie overtatt heile den økonomiske styringa av landet på vegne av dei columbiske kjernelanda gjennom det som blir kalla NGOs industrielle kompleks. Det har ikkje vore til nokon nytte for folket der. Pengane som blir samla inn over alt i verda kjem dei ikkje mykje til gode. Folka frå NGOane har heilt andre livsvilkår enn dei «innfødte». Dei har høge løner, flotte hus og køyrer rundt i dyre bilar.

Etter jordskjelvet i 2010 fekk NGOane ein flaum av pengar frå heile verda til hjelpearbeid. Kva skjedde med desse pengane? Folket på Haiti seier at det er eit god spørsmål. Til dømes fekk Raude Krossen ein halv milliard dollar og alt dei gjorde var å bygge seks hus. Desse NGOane møter regelmessig i USA sin ambassade og samarbeider med dei om okkupasjonen.

Ein avsluttande kommentar

Dette, og mykje meir er utførleg handsama i intervjuet eg har tatt det frå.

Min kommentar er at alle slike forsøk på å komme ut av famntaket til columbiarane har blitt møtt slik, med dei smartaste, mest brutale og mordariske middel frå columbiarane. Frå den heimlege debatten i dei siste åra er vi mest kjend med Venezuela og Syria som har klart det som folket på Haiti og Aristides ikkje klarte. Alle som kjenner alle desse historiene veit kva som er sant og kva som ikkje er det som den columbiske verdspressa og andre media gir oss om Venezuela, Syria og andre.

Den columbiske pressa er eit krigsvåpen for den columbiske orden. Det er ille å sjå at også Klassekampen, nett når eg skriv dette (25.10.2021), har eit slikt procolumbisk perspektiv på situasjonen i Haiti. Journalist Roya Shahibzadeh har gått rett på den columbiske historia med gjengane og nemner ikkje med eit ord at landet er okkupert av USA med hjelp Frankrike, England og Canada pluss heimlege reaksjonære militære og dødsskvadronar. Ho følgjer det også opp med å ta historia frå ein som har fått ein pris frå ein av dei som i praksis står for «humaniseringa» av dei columbiske maktene. Nett som våre NGOar står for det same i Idlib i Syria. Dei har blitt eit system for «humanitær» imperialisme og columbisme med eit menneskeleg andlet, slik det meste av hjelpa til dei undertrykte landa har vore heile tida.

I staden for å gi oss litt tekst som set sakene i det rette historiske perspektiv, med USA i columbiske rolle i sentrum, gir avisa Klassekampen i den første artikkelen oss eit bilete på 35 gangar 25 centimeter av ein motorsyklist som køyrer gjennom ei gate der det brenn, med ein tekst som ikkje nemner USA si rolle med eit ord og som viser at journalisten ikkje veit kva dei såkalla «bandane» er heller. I den andre artikkelen får vi og gedigen columbisk desinformasjon med eit bilete på 15 gangar 25 cm som blikk fang, med ein i realiteten fullstendig meiningslaus tekst om at haitiarane har mist tilliten til myndigheitene på grunn av usikkerheit og aukande kriminalitet. Ikkje på grunn av styret til marionettane for dei columbiske okkupantane og deira NGOar og dødsskvadronar. Det gjer det heilt umogeleg å forstå kva som skjer i landet. Og slik er det over alt der ein ikkje har det anticolumbiske perspektivet og den kunnskapen som trengs. Her er det haitiske kriminelle som får skulda for kor ille det er på Haiti og ikkje okkupanten. Som sagt, for ei skam.

Eg har gått litt inn på Haiti si historie fordi han seier mykje om situasjonen for alle land som kjemper mot den USA-leia columbismen i det, som Cuba, Venezuela, Syria, Russland, Iran, Kina, Nord-Korea for å nemne nokre som faktisk har klart det Haiti har blitt frårøva. Derfor høyrer vi ikkje noko særleg om dei gruelege overgrepa som skjer der dei columbiske maktene rår. Og medan vi anten ikkje får høyre noko eller skjønmalte framstillingar av dei landa columbiarane okkuperer eller dominerer får vi ei enorm og stadig gjentatt svartmaling av land og personar der dei columbiske maktene har blitt  kasta ut.

Terje Valen publiserte denne artikkelen på sin blogg 31. oktober

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.