Innan to kritisk viktige samfunnsoppgåver har det no kome utfordringar med sentrale fellestrekk. Den første gjeld at prisen på energi har galoppert ut av statleg kontroll. Den andre er framlegget om å oppretta fire amerikanske militærbasar på norsk grunn.

På kvar sin måte vedkjem dei vår status som sjølvstendig stat. Blir ACER 3 og 4 vedtekne, er Noreg via EØS-avtalen underlagt EU sin energipolitikk. Når det gjeld essensen i USA sitt framlegg til militærbasar, fører det med seg at vi trass i roande ord om «full respekt» for norske synsmåtar – i minimum 10 år gjev frå oss den endelege kontrollen, så vel over baseterritoria som dagleg drift og militær strategi. Avtaleframlegget er heller ikkje eksplisitt når det gjeld forbod mot lokalisering og service av atomubåtar, enn seia atomvåpen.

Stortinget gjev frå seg sitt ansvar

Både EØS-avtalen og det amerikanske initiativet inneheld dessutan viktige punkt om vidareutvikling. Ser vi kva som har skjedd dei siste 10 åra, kan ein like godt først som sist spørja kva det neste blir.
Steg for steg går utviklinga mot at Stortinget på det eine etter det andre statlege ansvars-område blir omgjort til EU-sekretariat. Godtek vi USA sitt framlegg til baseavtale oppnemner vi oss til trufast og underdanig vertskap for «USA-first» sine militærpolitiske ambisjonar både globalt og i våre nordområde. Stortinget sin utanriks- og forsvarskomité får då samsvarande lite å seia. Kva saka i dagens situasjon vil bety for tilhøvet til Russland er heller ikkje vanskeleg å tenkja seg.

Når det gjeld USA-basar gjer vi klokt i å studera tryggleiksvurderingane til Island, vår nabo vest i Norskehavet. Etter å ha hyst ein amerikansk militærbase i det meste av etterkrigstida, vart baseavtalen i 2007 oppsagd og erstatta av ein samarbeidsavtale.

Å vilja vera sjølvstendig stat er ikkje det same som å dyrka nasjonal sjåvinisme. Det står oss framleis fritt å vera ein konstruktiv og generøs internasjonal aktør.

På kvar sin måte handlar dei to sakene om noko så elementært som makt. Etter alt å døma skal begge opp til avgjerd i 2022, kanskje alt i vår. Dette er altfor kort frist til at dei kan handsamast på ein så open, grundig og demokratisk måte som dei krev.

Vi treng åpen debatt i en valgkamp

Sakene er så viktige at folket ved neste stortingsval bør få seia si meining , og då på grunn-lag av klår tale i partia sine valprogram. Den spente politiske situasjonen både i Europa og internt i USA tilseier òg at vi dei næraste åra står oss på å «liggja på vêret». Utset difor avgjerdene både om ACER og USA-basar

Innlegget har vært publisert i avisa Klassekampen

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.