Etter to verdskrigar valde verdas land å leggje suverenitetsprinsippet til grunn då FN vart stifta i 1945.
«De forente Nasjoners folk er bestemt på – å redde kommende slektsledd fra krigens svøpe som to ganger i vår livstid har brakt usigelig sorg over menneskeheten, – og atter å bekrefte vår tro på grunnleggende menneskerettigheter, på det enkelte menneskes verdighet og verdi, på menns og kvinners og på små og store nasjoners like rett», for å sitere frå innleiinga i FN-pak

Lik rett for store og små

Små og store nasjoners like rett altså. Grunntanken er at ei folkegruppe som har eit landområde og som er talrik nok til å utgjere ein nasjon, sjølv må kunne velje. Berre ved ekstreme overgrep mot eit folk kan det internasjonale samfunnet gripe inn, og då etter tilråding, mandat, frå FN.

Russlands invasjon i Ukraina er utan tvil i strid med suverenitetstenkinga. Den ukrainske motstanden syner på overtydande vis at ukrainarar flest oppfattar landområdet Ukraina som eitt land og ser seg som eitt folk. Om dette gjeld utkantområda Donbass og Krim, er meir usikkert.

Liksom Russland set NATO-landa suverenitetsprinsippet til side. Det har skjedd gong på gong og med innblanding i andre verdsdelar. NATOs opprusting og militære aktivitet langs russiske grenser no kan vanskeleg sjåast som forsvarstiltak for eigne landområde, og aller minst for USAs del, eit land som geografien gjer det nesten uråd å invadere.

Ukrainas sjølråderett

Somme bruker påstandar om nazistisk innverknad i Ukraina som argument for å forsvare invasjonen. Men same om dette er sant eller usant, er det opp til ukrainarane om dei vil ha folk med nazi-haldningar blant sine styrande. På same viset er det opp til russarane om dei vil behalde dagens statsleiarar.

Som suverent land har Ukraina rett til å avgjere kva for militæralliansar dei vil vere med i. Det har ikkje Russland noko med. Men om eit NATO-medlemskap blir brukt til å truge Russland, til dømes med å byggje militærbasar og installere langtrekkjande våpen nær russisk grense, utgjer det ein trussel mot russisk suverenitet. Difor er garantiar mot at det skjer, eit legitimt russisk krav til NATO.

Redsla for vesten

Somme seier at me norske må krevje forhandlingar mellom Ukraina og Russland om fredsløysing. Men igjen, det er ikkje vår sak bortsett frå å gi vennlege råd om å føre dialog.
To motiv, redsla for Vesten og ønsket om å gjenopprette Stor-Russland, ligg attom Russlands invasjon.

Av desse veg det første tyngst. Russland har vorte invadert frå vestlege land gong på gong, frå Polen på 1600-talet via Karl 12, Napoleon og Tyskland og deira allierte under første og andre verdskrig.

Mange av oss norske har slektningar i Amerika og er opptekne av det, men dei fleste russarar i dag har nære slektningar som mista livet eller fekk livsvarige skadar i kampen mot Hitler og nazismen.

Vesten rustar opp

Vesten og særleg USA rustar opp, USAs militærbudsjett er seks gonger så høgt som Russland sitt og utgjer nesten 40 prosent av verdas samla militærkostnader. Russland har olje, gass, korn og mineralar, som er globale knappheitsvarer og som Vesten vil ha hand om.

Invasjonsforsøka frå Vest har vore frå enkeltland eller mindre grupper land. No står dei overfor ei sterkare gruppe, eit samla Vest-Europa og USA. Alt dette gjer at russarar fryktar Vesten og ser invasjonen i Ukraina som eit ledd i ein forsvarskamp mot NATO og USA.

Russland til forhandlingsbordet

Eit norsk mål i internasjonal politikk bør vere å redusere eller helst eliminere denne frykta. Norge bør gå inn for at Nato inviterer Russland til forhandlingsbordet. Grunntanken i forhandlingane bør vere suverenitet. Natos tilbod bør vere ei gjensidig, militærfri grensesone, fjerning av basar og øvingar nær Russlands grenser, ei ny ikkje-angrepsavtale i samsvar med Minsk-avtalane og oppheving av sanksjonane.

Motkravet bør vere at Russland trekkjer seg ut av Ukraina.
Eg som skriv dette, veit ikkje om draumen om eit nytt Stor-Russland eller redsla for Vesten veg tyngst for Putin, men eg veit at liksom Støre og Biden må også han ta eit visst omsyn til folks meiningar.

Om NATO-landa – verdas fremste koloniland gjennom 500 år – no forpliktar seg på overtydande vis til å akseptere russisk sjølvstende og kontroll over eigne naturressursar, vil det sterkaste motivet blant russarar flest for invasjonen falle bort. Då vil den krigsmotstanden som finst i landet, få vind i segla og eventuelle imperie-tankar framstå som urealistiske.

Våpen eller fredeleg løysing

Men Donetsk, Luhansk og Krim? Truleg bør ikkje desse konfliktane prøvast løyst i slike forhandlingar. I staden bør ein løysingsplan leggjast. Det avgjerande må vere kva for statstilhøyrsle dei som bur der og har sine røter der, ønskjer, ukrainsk, russisk eller eigne statar. Det må vurderast over tid, slik at tilfeldige stemningsbølgjer ikkje avgjer. Forslaget kan vere at FN-apparatet blir involvert og at det blir sett ein tidsfrist, kanskje fem år.

I norsk debatt no står spørsmåla mellom våpen til Ukraina og arbeid for fredelege løysingar, mellom stormaktstyring og suverenitetstenking og mellom NATO-dominans og samarbeid mellom sjølvstendige land. Jamvel i parti som SV og Raudt synest dei førstnemnde av desse alternativa å vere på veg inn.

For meg synest det å velje dei sistnemnde av alternativa både å vere det fornuftige for å kome ut av uføret med Ukraina-krigen og for å byggje ei betre global framtid i samsvar med det eg siterte først i dette innlegget frå FN-charteret.

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.