1. april var det 80 år sia general Franco proklamerte at han hadde vunne den spanske borgarkrigen. Ein halv million vart drepne på under tre år. Sist haust deltok eg på ei reise i krigens fotspor. Vi såg ruinar prikk like dei i Syria. Har vi ingenting lært?

Februar 1939: Mariano Gracia og dottera Alicia er på flukt over grensa til Frankrike saman med hundretusen andre.

Nordaust i Spania står ein skulptur bortgøymd i ein skog. Motivet er henta frå eit foto tatt i februar 1939. Mariano Gracia og dottera Alicia er på flukt over grensa til Frankrike saman med hundretusen andre. Med den eine handa leier Alicia far sin. I den andre held ho ei krykke. Krigen har kosta henne mora og eit bein.

Inne i Barcelona er minnesmerka enda meir bortgøymde. På ein liten plass står ein bleikna inskripsjon høgt oppe på ein vegg: «Placa del milicia desconegut» – Plassen til den ukjende militssoldat. Heilt til for eit par år sia var inskripsjonen gøymd bak eit skilt frankistane hadde hengt opp; dei som vann krigen.

«Placa del milicia desconegut» – Plassen til den ukjende militssoldat. 

Dei falnes dal
Den skal leite godt som skal finne større kontrast enn mellom desse unnselege vitnesbyrda og anlegget der Franco er gravlagd. «El valle de los caídos» – Dei falnes dal – er hogd inn i fjellet av dei som tapte. 20 000 fangar brukte 18 år på å hogge ut det som vart verdas største katedral. Større enn Vatikanet. For ikkje å fornærme Paven, vart det sett opp ein innvendig vegg slik at den skulle bli litt mindre. På fjellet over ruver verdas største kross, 150 meter høg.

40 000 er gravlagde her. Falne frå begge sider. Franco sa at minnesmerket skulle vere ei nasjonal forsoningshandling. I røynda er det eit pilegrimsmål for Franco-tilhengarar. Vi såg sjølve folk draperte i falangistflagg, folk som gjorde det vi helst kallar nazi-helsing, folk som kyssa grava til Franco. Dei einaste namngjevne gravene er hans eiga og den til stiftaren av falangistpartiet, José Antonio Primo de Rivera.

Pilegrimstrafikken har auka kraftig dei siste åra, etter at nasjonalforsamlinga vedtok å flytte Franco. Tilhengarane protesterer. Familien seier at i så fall må han flyttast til Almuneda-katedralen, der dei har sin eigen gravplass. Det har regjeringa sagt nei til, fordi dei frykter at den største katedralen i Madrid skal bli det nye pilegrimsmålet til falangistane. Endskapen er uviss.

Den groteske kontrasten: Dei falnes dal, med den 150 meter høge krossen

Deraa
I den andre enden av Middelhavet står striden om eit anna minnesmerke. President Bashar al-Assad har gjenreist statuen av far sin, Hafez, i Deraa. Det var der opprøret i Syria starta for åtte år sia.

Korleis det eigentleg starta, er omstridd, men skoleungar skal ha skrive slagord mot regimet. Dei vart arresterte, og skal ha blitt torturerte. Lokale demonstrasjonar med krav om lauslating enda raskt i blodige konfrontasjonar.

Fasit så langt er omkring 400 000 drepne, millionar på flukt innanfor og utanfor eigne grenser, eit land i ruinar.

Det kan knapt kallast nokon trøyst at tapstala ikkje er like høge som i Spania, sjølv om konflikten har vart meir enn dobbelt så lenge.

Begge stader har sanninga vore det første offeret, begge stader har begge sider gjennomført overgrep, og dei sivile har lide mest.

80 år skil dei to krigane. Likevel er mye likt. Fagforeiningsaktivistar vi møtte i Barcelona sist haust nekta å bruke omgrepet borgarkrig om det som skjedde mellom 1936 og 1939. Dei viste til 70 000 Mussolini-soldatar og 17 millionar kilo Hitler-bomber, inkludert dei over Guernica. Dei såg det heile som ein generalprøve for andre verdskrigen.

Store Norske Leksikon skildrar opptakten i Syria slik:
«Når konflikten så tidlig ble langt mer enn et internt syrisk anliggende er det fordi opprøret fra starten kan ha vært planlagt som del av et storpolitisk maktspill i regionen.»

USA, Tyrkia, Israel, Saudi-Arabia og Qatar kom tidleg inn med støtte til opprørarane. Regimet fekk støtte frå Iran, den libanesiske Hizbollah-militsen og etter kvart Russland.

I begge krigane har «vener» skote på kvarandre. I 1937 mista 500 livet i Barcelona og områda omkring da ulike delar av Folkefronten slost mot kvarandre. I Syria er talet på væpna fraksjonar stort og alliansane skiftande.

Framandkrigarane
I begge krigane deltok/deltar tusenvis av frivillige frå mange land. Samtidig er dette ein av dei store skilnadene mellom konfliktane. På venstresida vart dei internasjonale brigadane sett på som idealistiske heltar som var villige til å ofre livet i solidaritet med den lovleg valde spanske regjeringa. Dei slost mot fascisme og nazisme.

Dei frivillige i Syria blir fordømt av dei aller fleste. Dei har slost for det norskar flest forbind med mørkemaktene i IS og Al Qaida.

Straffa er også ulik. Rett nok vedtok den norske regjeringa i 1937 forbod mot å late seg verve til framand krigsteneste, les Spania. Brigadistane, som stort sett var kommunistar, risikerte tre månader i fengsel etter heimkomst. Forbodet vart kuriøst nok oppheva først i 2015.

I fjor fekk Ubaydullah Hussain ni år for å ha rekruttert andre til IS.

Vel 200 norske deltok på republikken si side i Spania. Eit tital slost for Franco. I Syria har truleg eit hundretal vore i teneste for IS, Al Nusra og andre opprørarar.

Kvifor? Kvifor går vi i krigen? I memoarboka «Brennende jord» fortel Noregs første kvinnelege krigskorrespondent, Lise Lindbæk, at ho ofte stilte dette spørsmålet til soldatane i dei internasjonale brigadane:

«Det mest karakteristiske svaret stammet fra en ung, slovakisk forfatter, Joza Majek, som falt en av de første dagene. ‘Spania?’, sa han. ‘Oppriktig talt er jeg ikke svært interessert i Spania, jeg vet ikke noe videre om dette landet. Men jeg vil mye heller slåss mot Hitler i Madrid enn å gjøre det senere hjemme i Praha, og jeg håper vi får se det fascistiske krapyl tilintetgjort i Guadaramafjellene, så vi slipper å se dem hos oss i Tatra.’»

I 2003 gav Cappelen ut antologien «100 dikt om krig», redigert av Håvard Rem. I forordet skriv han (mine utdrag):

«I poesien før Hitler og holocaust ser det ut til at følgende kollektive strukturer kunne rettferdiggjøre kollektiv vold: Religiøsiteten, etnisiteten, nasjonaliteten […] Med imperiene er det annerledes. […] Capitols kriger er økonomiske. […] Hitler og holocaust kledde av oss de siste plaggene, og ledere som prøver å ta dem på igjen, blir gjennomskuet. Hvilken kollektiv struktur skal rettferdiggjøre våre kriger? Vår økonomi? Gud hjelpe oss.»

Kva er verst? Kva er verst? Tyske stridsvogner som ganske enkelt køyrer over sovjetiske barneheimsbarn? Holocaust? Dei systematiske valdtektene i Kongo? Hiroshima? Sabra og Shatila? My Lai? Machetane i Rwanda?

Krigens gru er verst. Det at vi frå den eine dagen til den andre går inn og drep naboen, han som er svigerfar til sonen vår, slik dei gjorde på Balkan. Og i den knøttlitle fjellandsbyen Arándiga i Spania, og kven veit kor mange andre stader.

Reisa eg deltok på i fjor haust vart leia av Jo Stein Moen og Rolf Sæther. I 2009 gav dei ut boka «Tusen dager. Norge og den spanske borgerkrigen 1936 – 1939.» Sia har dei leia mange gruppereiser i fotspora til krigen, og gjer det på nytt til hausten. Reisa er uhyre velorganisert og velinformert, og sterkt å tilrå.

Sterkast inntrykk gjorde vitjinga nettopp i Arándiga. Bakgrunnen var det som hende 25. august 1936, berre veker etter at Franco starta opprøret sitt mot den lovleg valde Folkefront-regjeringa.

Tenk deg at du er ordførar og fagforeiningsleiar. Plutseleg ein dag blir du arrestert, torturert og drepen av naboen. Resten av styret i fagforeininga lir same skjebne. Lika blir nedgravne langt til fjells. Tilbake sit terroriserte familiemedlemmar og venner. Tiår med tagnad følgjer før nokon våger å fortelje, og andre våger å starte arbeidet med å finne dei døde. Først to generasjonar seinare blir dei brakt til kyrkjegarden og gravlagde. Ved sidan av bødlane.

Minnehøgtid på fjellet utanfor Arándiga der dei henretta fagforeiningsleiarane låg gravlagde i mange tiår

Kva har vi lært?
Eg nekta ikkje militæret. Eg var villig til å drepe for å verje land og folk. Nokre år seinare ville eg ha nekta å gå i krigen for NATO. Samtidig var eg litt stolt av svaret frå den svenske forsvarssjefen då han vart spurd om kva som ville vere den best tenkjelege forsvarsstyrken.

«Eit forsvar med soldatar berre frå SKP. Dei ville ha forsvart landet same kva fiende som gjekk til åtak», svarte han. SKP var søsterpartiet til AKP, der eg var med den gongen.

Ei presisering høyrer med: I 1992 gjekk eg på språkkurs i Valencia. Ein av lærarane underviste om spansk samfunnsliv. Nokre år før prøvde ei gruppe offiserar å gjennomføre eit militærkupp. I Valencia og fleire andre byar rulla stridsvogner i gatene. Soldatar etterkom ordrar frå kuppmakarane og paraderte i gatene. Læraren vår var blant dei. Eg spurde han om han hadde skote på folk dersom han hadde vorte kommandert til det. «Sjølvsagt», sa han. «Ein ordre er ein ordre. Eg var militær.»

Eg vart rasande. Dette veit eg: Eg kunne ikkje ha drepe nokon berre fordi eg fekk ordre om det, dersom eg ikkje sjølv meinte det var rett. Da heller standrett.

Oppsummert? Ei god venninne seier: «Det går til helvete, og vi gir oss ikkje.» Vi kan ikkje det. Vi har ikkje lov til det.

Ei strime av håp: Den modige dialogen, slik Deeyah Khan demonstrerer i «White Right: Meeting the Enemy.» Massivt imponerande. Og ein dash Greta Thunberg.

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.