(Artikkelen er tidligere publisert i Klassekampen)

Norge blir kalla havland, bondeland, fiskarland, sjøfartsland, vasskraftland, industriland, oljeland, fredsland, brubyggjarland, men i dag er parasittland det mest dekkjande tilnamnet. Landet snyltar på andre land og folk, og det snyltar på generasjonane etter oss. Ikkje slik å forstå at Norge er åleine om det, men det er eit meir sentralt trekk ved vårt land enn ved dei fleste.

Det har vore annleis. Fram til dei siste tiåra av førre hundreår voks norsk vareproduksjon. Stordelen av kleda, skoa, spikaren og komfyrane me brukte, var norskproduserte. Det same gjaldt mykje av maten, om me bytte havfisk i sukker, matkorn, appelsinar og kaffi. Landet hadde fabrikkar og eit industriproletariat som smått om senn fekk betre kår. Om skorne, motorsagene eller komfyrane vart i ustand, var folk flest i stand til å reparere noko og fagfolk det meste.

Import og barnearbeid

No er industrivarene me bruker, fabrikkerte i Asia. Både brødmjøl og fôrmjøl til husdyr og oppdrettsfisk kjem frå Aust-Europa og Sør-Amerika. Fysisk arbeid i Norge blir utført av innvandrarar, og i koronatida held me oss med unntak for polakkar og vietnamesarar, for jordbær må plukkast, hus målast og turistar oppvartast. For andre dreg me opp stigen. Politiske og økologiske flyktningar blir stengde ute.

Korleis arbeidsforholda er for dei som produserer kleda, skorne, motorsagene, spikaren og komfyrane våre, bryr oss lite. Barnearbeid, lange arbeidsdagar, dårleg arbeidsmiljø, valdelege sjefar? Så lenge me får kjøpt til spottpris, er vårt land og vår presse såre nøgde.

Går skorne opp i liminga eller jakka får ein rift eller går ut av mote, er problemet minimalt, for på kjøpesenteret har dei nytt, og eit skopar kostar ei timelønn eller to. Få av oss evnar å lappe og bøte, og skomakarar og møbelsnikkarar høyrer farne tider til.

Klima og korona

I nesten 40 år har global oppvarming vore allment kjent, og politikarar har forsikra at miljø står øvst på agendaen. No er moteordet «det grøne skiftet». Men det er ikkje noko grønt skifte, berre ei satsing på symbolsaker og ei tilpassing til ei global statistikkføring der utslepp blir registrerte på land der varene blir produserte og ikkje der dei blir brukte. Dei andre må ta seg saman, medan me ikkje kan innføre tiltak som rammar vår konkurranseevne. Spør me korleis Norge hadde vore om verda ikkje hadde hatt kunnskapar om global oppvarming, blir svaret: Omtrent som no, men med færre Teslaar og ladestasjonar.

Da pest herja for 300 år sidan, kunne eit fraktefartøy bli stogga utanfor København eller Bergen, pålagt å heise gult flagg og å liggje veker i karantene. I vår koronatid er slike tiltak utenkjelege. Legevitskapen har gjort framsteg sidan trua på effluvia og smittespreiande dunstar i lufta rådde, men så lenge menneske andre stader korkje har varmt vatn eller vaksinar – og me får varer derifrå og reiser dit for å bli solbrune og dei hit for å plukke jordbær, har koronaviruset ein styrke me med vår vaksinering og desinfisering manglar.

Opprøret kjem

Før eller seinare kjem fattigfolks opprør, og det kjem først og fremst frå våre undertrykte medmenneske i sør. Så lenge Norge overlèt fysisk arbeid og vareproduksjon til folk som må velje anten svolt for familien eller helseskadeleg og underbetalt vareproduksjon for oss, og så lenge våre økologiske fotavtrykk er minst tre gonger klodens toleevne, vil opprøra ikkje berre rette seg mot Monsanto og Equinor og alle rike lands trumpar. Dei vil også rette seg mot det parasittlandet me bur i. Og jamvel mot mykje av politikken til norske parti som kallar seg venstre.

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.