Dei fleste norske parti og miljøorganisasjonar ønsker seg eit «grønt skifte», i form av utbygging av «fornybar» energi. Nokre vil ha dette i staden for olje og gass, andre vil ha begge delar. Nokre vil ha større, andre vil ha mindre forskjell på fattige og rike. Dei fleste held likevel på ønsket om framleis økonomisk vekst. Er det nokon som tar konsekvensen av at menneska lenge har overforbrukt verdas naturressursar, og at Noreg høyrer til dei som har overforbrukt mest?

Dei fleste statsleiarar i verda og verdas rikaste kapitalistar vil no ha ein «grøn» politikk. Korleis kan det da ha seg at naturen blir rasert i eit tempo som aldri før?

«Det grønne skiftet» blei i 2015 utnemnd til årets nyord av Språkrådet. Tru om det ikkje heller skulle vore karakteriserret som «nytale», det vil seie ord som dekker over at innhaldet er det motsette av den tilsynelatande meininga? Det finst ingen grøn, rein eller fornybar energi, det finst ikkje noko forbruk utan økologisk fotavtrykk.

Språkrådet sa: «Det grøne skiftet viser til omstillinga til eit samfunn der vekst og utvikling skjer innanfor tolegrensa til naturen.» Vi må altså omstille oss frå eit samfunn der veksten er utanfor tolegrensa. Frå om lag 1970 har menneska kvart år belasta jordas naturressursar meir enn jorda kan fornye. Den dagen da årets ressursar er brukt opp kallast for verdas overforbruksdag og var i 2019 i starten av august.

Kva skjedde med «grønt skifte»?

Noko «grønt skifte» har ikkje skjedd i praksis, verken i Noreg eller globalt. Skiftet har skjedd i bruken av ordet «grønt». Gjennom å stele miljørørsla sine klede har investorane erobra ordet, legitimert eigen praksis og skapt forvirring langt inn i miljørørsla.

Tjuveriet sto klart fram da representantar for gruveselskap, konsulentar, leverandørar og investorar på ein gruvekonferanse i 2016 klappa entusiastisk for eit innlegg frå miljøstiftelsen Zero om «Mineralenes betydning i det grøne skiftet». Frå den dagen var dei også grøne.

På nettstaden mining-technology.com blir grøn gruvedrift definert slik: «Grøn gruvedrift er definert som teknologiar, beste praksisar og gruveprosessar som er implementerte som middel til å redusere miljøpåverknad knytt til utvinning og prosessering av metall og mineral. Eksempel inkluderer reduksjon av drivhusgassar, utvalde tiltak for å redusere dei økologiske fotavtrykka av gruvedrift og reduksjon i bruk av kjemikaliar.»

Definisjonen er som skapt for gruveselskapa. Og det er nettopp det han er. Kan vi redusere naturskadane har vi med ein gong fått grøn gruvedrift. Ein kan redusere klimautslepp ved elektrifisering av maskinar. Samtidig må det drivast på stadig fattigare malm, noko som gjør at innsatsen og naturskadane aukar per tonn metall. I tillegg aukar forbruket og etterspurnaden. Om kopargruvene i verda reduserer utsleppet av klimagassar per tonn utvunne berg til halvparten, mens koparinnhaldet i malmen samtidig blir halvert og produksjonen av koppar dobla, blir samla utslepp frå koparutvinning ikkje halvert, men dobla.

«Overgang frå eit drivstoff-intensivt til eit material-intensivt energisystem».

Når overgangen frå fossilt til elektrisitet aukar behovet for metall, omtalar det internasjonale energibyrådet IEA dette som «Overgang frå eit drivstoff-intensivt til eit material-intensivt energisystem». Kan eit materialintensivt system kallast fornybart, når materiala ikkje er fornybare? Ein elbil treng seks gongar meir ikkje-jern-metall enn ein bensinbil, ein havvindturbin seks gongar så mykje per MW som eit kolkraftverk. For mange metall vil elektrifisering gi auka etterspurnad, utvinning og naturinngrep frå gruver og avgangsdeponi, auka forureining til jord, vatn og luft. Trass i dette blir slike mineral framstilt som grøne og utvinninga er per definisjon grøn.

NHO sine regiondirektørar for Nord-Noreg uttalte: «Nord-Norge har forekomster av grønne mineraler som kobber, jern, grafitt, olivin og høyren kvarts.» Dermed blir gruveavfall frå kopar- og jerngruver til Bøkfjorden, Repparfjorden og Ranfjorden også grøne og miljøvenlege. Dei to tydingane av «grøne gruver» blir stadig blanda saman, truleg ikkje heilt utan hensikt. Nye gruveprosjekt kan da framstillast som dobbelt grøne.

Ei slik dobbeltgrøn gruve er no under etablering i Kvalsund i Finnmark. Denne skal produsere koppar for det grøne skiftet og alle gruvemaskinane skal vere drive på grøn straum. Da er gruva «grøn», sjølv om ho øydelegg for reindrifta, fyller opp ein fjord med avgang og tar knekken på ein nasjonal laksefjord og ei nasjonal lakseelv.

Over heile verda har miljøorganisasjonar engasjert seg mot dagens gruvedrift og planar om utviding av denne. Samtidig har store delar av miljørørsla møtt seg sjølv i døra med å gå inn for «det grøne skiftet» og heie på utbygging av vindkraft og solkraft, samt elektrifisering av transport.

GRØN­VAS­KA GRUVE­DRIFT:

  • Dei fleste statsleiarar i verda og verdas rikaste kapitalistar vil no ha ein «grøn» politikk. Korleis kan det da ha seg at naturen blir rasert i eit tempo som aldri før?
  • I denne teksten drøftar Svein Lund spørsmålet med utgangspunkt i mellom anna gruvedrift i Nord-Noreg, der nye gruveprosjekt no blir presentert som «grøne».
  • Gruveselskapet Nussir AS er no i ferd med å etablere ei kopargruve i Repparfjorden i Kvalsund kommune i Finnmark, som skal produsera koppar til batteriproduksjon. Selskapet har fått utsleppsløyve til sjødeponi.

Dei fleste forsvararane av «det grøne skiftet» tviheld på at det framleis må vere plass for økonomisk vekst og auka produksjon. Veksten skal berre bli grønare. Dei overser alle åtvaringane frå boka «Limits to Growth», som kom i 1972. Leiande politikarar og kapitalistar opererer som om det var mogleg og forsvarleg ikkje berre å skifte ut all fossil energi med «fornybar» energi og dagens fossile bilpark med elbilar, men samtidig auke energiproduksjonen og biltalet.

Både rikdomen i verda og belastninga på ressursane er ekstremt skeivt fordelt. Dei ti prosent rikaste eig 89 prosent av verdiane, den fattigaste halvparten av har under ein prosent. Den rikaste prosenten står for dobbelt så mykje klimagassutslepp som den fattigaste halvdelen. Ein av verdas aller rikaste har blitt billionær på «det grøne skiftet» sitt flaggskip, elbilen. Denne har gjort det mogleg for han å bruke milliardar på bitcoin, ha fleire private jetfly og sende satellittar ut i verdsrommet.

I Noreg har den rikaste godt over 100 milliardar. Forskjellen i inntekt og formue har auka, og dette er ein bevisst politikk frå regjeringa.

Dagens universelle løysing er at ein kapitalistisk marknad skal ordne alt til det beste for alle. Men kapitalen trekkast ikkje dit der det er behov, men der det er pengar å tene. Som Norsk Bergindustri sa til forsvar for gullutvinning: Der det er etterspurnad, er det behov.

De elementære sanningane

Nokre elementære sanningar er dessverre nødvendig å seie:

  1. Samfunnsmessige problem må løysast med samfunnsmessig samarbeid og planlegging.
  2. All produksjon og alt forbruk belastar ressursar.

Samfunnsplanlegging må ta sikte på å redusere eller unngå unødig produksjon for å ha plass til nødvendig produksjon og bevare ressursar og natur for framtidige generasjonar.

Så enkelt, men samtidig så stikk i strid med dagens praksis.

EU og EØS er bygd på dei såkalla fire fridomane, som formelt gjeld for alle, men som i første rekke er fridomar for kapitalen og for mange andre slår ut som «frivillig tvang». «Fridomane» bidrar til å auke produksjonen av unødvendige varer og tenester, og auke transporten og belastninga på ressursane og naturen. Dette er fremja i fridomens namn, sjølv om det er skadeleg for helse og natur. Om vi innrømmer at verda står midt oppe i ei alvorleg natur-, klima- og ressurskrise, er vi nøydd å sette jordas framtid over retten til å produsere og forbruke unødige varer.

Eit kvart samfunn har nokre reguleringar av kva som er lov å produsere og selje. I prinsippet har vi dermed anerkjent at fridomen må ha visse grenser. Under koronaen har dei fleste akseptert midlertidige forbod som vi under normale forhold aldri ville godtatt. Natur-, klima- og ressurskrisa er ei mykje meir grunnleggande krise, og verknadane kan bli langt større. Likevel blir ikkje nødvendige tiltak gjort.

Når menneska no tar ut meir enn 150 prosent av det som er forsvarleg, må det samla forbruket ned med minst ein tredel. Skal jorda kunne fø ti milliardar menneske, vil det vere naudsynt med ei streng prioritering av kva ressursane skal brukast til.

«Gjennom å stele miljørørsla sine klede har investorane erobra ordet ‘grønt’»

Vi må stille spørsmåla:

  • Kva område av produksjon og forbruk skal prioriterast?
  • Kva område bør vi redusere, eventuelt legge ned eller forby?
  • Korleis kan vi ta vare på bruksgjenstandar lengre?
  • Kor kan vi redusere transport og verdshandel?
  • Korleis kan vi gi noko av det vi har beslaglagt tilbake til naturen?

Dette betyr gjennomgripande endringar i samfunnet. Mange må legge om livsstilen for å redusere fotspora våre i naturen. Ei slik omlegging er ikkje mogleg om nokre superrike på toppen kan halde fram å sløse og kjøpe seg fri frå dei tiltaka som andre må slite seg gjennom. Vi kan ikkje å be butikkarbeidarar på Rema å ete mindre kjøtt når Rema-eigaren har tre private jetfly.

Kapitalismen har vist seg udugeleg til å redde naturen og verda. Det er likevel ikkje nok å seie at eit sosialistisk styre vil løyse problema. Land som har kalla seg sosialistiske har ikkje vist så mykje betre forståing for natur og ressursar. Dei partia i Noreg som kallar seg sosialistiske er alle for framleis økonomisk vekst, berre denne er grøn eller jamnare fordelt.

«Sosialismen er spranget fra nødvendighetens til frihetens rike», skreiv Friedrich Engels for godt over hundre år sidan. Spørsmålet er om ikkje kapitalismen no har ført verda så gale av stad at vi må gå den motsette vegen – til nødvendighetens rike, sjølv om dette vil måtte avgrense nokre fridomar vi har blitt vant til.

Nødvendig omlegging til mindre natur- og klimaskadeleg produksjon og forbruk vil måtte omfatte alle sider av samfunnet, som jordbruk, fiskeri, oppdrett, skogbruk, reindrift, industri og olje.

Det vil seie å snu sentraliseringa, som er eit gigantisk ressurssløseri. Det må bli lønsamt å redusere energibruken gjennom isolasjon av hus og jordvarme. Flytrafikken må reduserast kraftig og kollektiv transport i stor grad overta for personbilar. Nokre sider ved dagens forbruk har vi rett og slett ikkje råd å halde oss med, vi blir nøydd å avskaffe militærvesenet, reklamen og mesteparten av produksjonen av plast og sminke.

«TA VARE PÅ DET DU HAR!»

Denne parola frå Naturvernforbundet står for det motsette av bruk-og-kast-kapitalismen. Før du kjøper noko nytt skal du spørje: Kan eg klare meg med det gamle? Når noko går i stykkar: Kan det reparerast? Når du ikkje lenger har bruk for brukbare ting: Kan du levere det til brukthandel? Når du må kjøpe noko, kan du finne noko brukt? Og når det er ugjenkalleleg øydelagt: Kan du levere det til resirkulering? Parola peikar på det personlege ansvaret, men har også ei samfunnsmessig side. Eit godt bidrag ville vere å fjerne moms på reparasjonar. Samfunnet har eit ansvar for å legge til rette for at det løner seg å reparere, for kjeldesortering av søppel og panteordningar.

Miljøorganisasjonar har ofte bidratt til å trekke fram overforbruket av ressursar, men tar dei konsekvensane av sine eigne analysar? Mens eg skriv dette, kjem faktisk Naturvernforbundet med ein svært viktig fråsegn; «Forbruket av energi og ressursar i Norge må ned – ‘grønn vekst’ er ikke løsningen». Denne bør vere grunnlaget for vidare debatt om konsekvensane av denne erkjenninga.

Dei nødvendige tiltaka som er skildra her vil møte mykje motstand. Dei rike vil ikkje gi opp luksusforbruket sitt eller makta dei har gjennom å styre investeringane. Mange arbeidsgivarar vil klage veldig om dei ikkje får nytte seg av billig arbeidskraft frå utlandet. Mange vil ikkje gi avkall på flyturen til Kanariøyane. Fagorganisasjonar vil protestere mot nedlegging av arbeidsplassar. EU/EØS vil ikkje godta tiltak som strir med den frie etableringsretten. Nato vil ikkje godta nedlegging av norsk militærvesen. Det blir ein hard kamp, men det er ingen veg utanom. Vi kan ikkje halde fram som før, og det er på tide at nokon seier ifrå om det.

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.