Andreas T. Aasheim frå Norwea (vindkraftselskapas organisasjon) liker ikkje at eg viser at vindkraft på land i Noreg nesten ikkje gir varige arbeidsplassar, mens satsing på energieffektivisering gir mange gongar så mange arbeidsplassar for kvar TWh kraft (Red.: se Aasheims innlegg på steigan.no). Som tiltak i ei korona-tid, vil ein sterk auke av budsjettet til Enova for energieffektivisering gi mange og raske arbeidsplassar – i tillegg til at det er eit godt klimatiltak.

Vindkraftanlegga til Fosen vind (1000 MW) får om lag 40 – 50 arbeidsplassar når anlegga er i drift (info: vindportalen.no), og produsere ca 3 TWh elkraft.  Zero, i samarbeid med Elektroforeningen og NELFO, kom i 2017 med rapport om energisparing i bygg «Målet om 10 TWh energisparing er også gunstig for norsk økonomi og sysselsetting. Undersøkelser viser at det fram mot 2030 vil kunne utløse samfunnsøkonomiske gevinster på 80–90 milliarder kroner og skape 7 000–8 000 nye, varige arbeidsplasser.» Forskarar på Sintef og NTNU har funne at ein kan frigjera 40 TWh energi frå bygg fram mot 2040. Potensialet er enormt, samfunnsøkonomisk lønsamt, og utan inngrep i naturen.

Statnett hevdar at ca 40 TWh trengst for å oppnå «omfattande elektrifisering» med utfasing av fossil energi. Dei har rekna med 12 TWh til Nordsjøen, som er tvilsamt som klimatiltak. Utan dette, er dermed 28 TWh tilstrekkeleg. Vi har laga eit scenario for framtidig energibalanse, som viser at satsing på energieffektivisering gir overflod av fornybar energi til utfasing av fossil energi og til utvikling av industri.  Det er grunn til å lytte til direktøren i det internasjonale energibyrået, Dr Fatih Birol, 25. juni 2019: «Inga meiningsfull energiomvandling kan skje utan energieffektivisering».  No må også Noreg satse sterkt på dette.

Eit scenario for 2030 og 2040.

Energi vist som TWh (dagens elproduksjon er ca 145 TWh).

20302040 Ny og frigjort energi
1030Sparing i bygg. (Regjeringa lover 10 TWh i 2030)
510Energieffektivisering i industri og anlegg
815Rehabilitering av gamle kraftverk
57Auka nedbør og milde vintrar (frå NVE)
1010Kraftverk under bygging.
1414Dagens normale kraftoverskot (ifølgje Statkraft)
5286Tilgjengeleg fornybar elektrisitet
20302040Bruk av energi
-2-4Revisjon av gamle kraftkonsesjonar
-1-10Nedlegging av vindkraft når konsesjonar går ut
-20-28«Omfattende elektrifisering» (ifølgje Statnett)
2944Tilgjengeleg elkraft til industri, eksport, etc

Dette er ikkje eksakte tal, men konservative anslag.

(Dette innlegget ble først publisert på steigan.no, 17. april.)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.