Eg går til fjella med mi sorg
Og eg finn glede
Eg går til fjella med mi tvil
Og finn forstand
Eg går til fjella med mitt kaos 
Og finn orden
Eg går til fjella med mi sut
Og finn ei hand
Til fjella har eg gått med mine bører
Og vandra heim på lette fot
No kan eg høyra ifrå fjella
At dei brøler
No er det dei som krev av oss
At vi finn mot

Eg går til fjella med mi uro
Og finn tryggleik
Eg går til fjella med min gråt
Og eg finn von
Eg går til fjella med mi smerte
Og finn lindring
Eg går til fjella
Og kjem heim att mjuk og klok
Til desse fjella har eg gått
Med alt som tyngjer
I desse fjella har eg funne att mitt smil
For desse fjella vil eg kjempa
Til eg stuper
For desse fjella vil eg gå
Mi lengste mil

Eg går til makta med mi bøn
Og ber for fjella
At dei må vera det dei er
Og alltid var
Ein plass å finna fred og fridom
Ein plass å setja 
lette fotefar

I desse fjella har eg gått
I sorglaus lukke
Og tenkt at hit når ingen uforstand
No høyrer eg dei same fjella sukke
Om det er sant at dei skal verta byggjeland

Må skogane få susa
Må graset grønt få gro
Må siv i myr få brusa
Sleppa kjenna manneklo
Må vatn fritt få renna
Må villskap vera vill
Må menneskje få kjenna
Det er her vi høyrer til.

Knut Arvid Langeland

    Legg igjen en kommentar

    Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

    Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.