Dei siste åra har eg vore pasient på St. Olavs Hospital.

Når eg har vore der, har eg kjøpt aviser og magasin i kioskane der.

Tidlegare i år skulle eg som vanleg kjøpe eit par aviser, men i avisstativet var det berre Adresseavisen, Dagbladet og VG. Aviser som Aftenposten, Klassekampen og fleire var borte.

På spørsmål til ekspeditøren om dei andre avisene var forseinka var svaret: Dei andre avisene selte for dårleg, og dei tjente vi for lite på; så no får vi dei ikkje lenger.

Magasintilbodet er og redusert.

Det får meg til å tenkje at det er for gale at store aktørar skal bestemme kva vi skal lese og ete mm.

Mangfaldet i tilboda blir borte

I den tida dette skjedde kunne vi lese i media at potetbønder som leverte til Bama, eigd av Norgesgruppen og Rema, berre fekk full pris for 60 % av leveransane, for produsentane måtte sjøl betale for transport, marknadsføring, kampanjar, tilbod mm.

I jordbruksoppgjeret fekk bøndene 20 øre meir pr kg kjøtt. Etter 1. juli måtte vi betale minst 50 kr meir pr kg for det beste kjøttet. Kor hamnar mellomlegget?

Vi kunne og lese om ein grønsakbonde på Dønna som hadde avtale med Rema om å levere 100 tonn gulrot. Han preparerte åkeren og gjorde nødvendige innkjøp og sådde frø. Ikkje lenge etterpå fekk han beskjed om at dei skulle ikkje ha gulrot likevel. Kompensasjon? Nei, det var det visst ikkje snakk om!

For ikkje mange dagane sidan kunne vi lese at dei som dyrka tidlegpotet måtte destruere fleire hundre tonn for å gi plass til lagringspotet. Grunnen var at daglegvarekjeder hadde selt gammelpotet og importert nypotet i staden for norsk tidlegpotet.

Ute i Europa undrar dei som driv i daglegvarebransjen seg over korleis det går an å tjene så mykje pengar i denne bransjen Norge.

For ei tid sidan vart vi og gjort kjent med at det var «svidd av» titals millionar for å feire ein åremålsdag.

I sommar kunne vi og lese om ein direktør som skifta jobb i eit «matvarekonsern». Han fekk 74,7 mill. kr for dette skiftet.

I 1899 publiserte norskamerikanaren Thorstein Veblen ein sosiologisk studie med tittelen «Den arbeidsfrie klasse». Der han m.a. omtalar klassens iøyenfallande forbruk. Rune Slagstad skriv at det er eit ytterst aktuelt portrett av dei pralande nyrike.

Då kan ein spørre: Kva rolleforståing, samfunnssyn og etiske kjørereglar har desse menneska?

Og treng vi slike profittjegerar i Norge? Er det slik vi vil ha det i landet vårt?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.